onsdag 8. oktober 2008

HERTUGINNA AV CHICAGO

Igår kveld var eg på opera for første gang i mitt liv. Det var kjempekjekt :-)

Har alltid hatt ei lagra fil på netthinna frå då eg var liten. "Søndags- matine" på Tv. Då var det som regel ei stor, brystfager dame, som sto og skreik på Tv. Og som regel endte stykket i ei tragedie. Skrekk og gru.

Men slik var det slett ikkje på generalprøva til Opera Nordfjord si oppsetting av Hertigunna av Chicago. Det var ein morsom opera med masse fine, fargerike kostymer, fine sanger og gode aktørar. Vi fekk bruke lattermusklane, titt og ofte. Dei 3 timane gjekk veldig fort :-)
Det var ein fantastisk setting, som du absolutt bør sjå. Spring og kjøp deg billett,hvis du ikkje allerede har gjort det. Dette kan du ikkje gå glipp av. Løp og kjøp !!

Takk for ei fin oppleving :-)

Ingen kommentarer:

Nå er det bare ... igjen til jul