mandag 2. november 2009

BESØK AV 3. KLASSE

3. Klasse ved Hjelle Skule var på ekskursjon opp til oss i Leivdalen. Dei hadde om hest på skulen, og læreraen ringde og lurte på om dei kunne komme på besøk. Dei sykla på rad og rekke opp i Leivdalen. Når dei kom opp var det potet -plukking først. Desse potetene skal dei bruke til og lage seg noko godt av på skulen:-) Så måtte alle spylast, fordi ein blir faktisk ganske skitten, av og plukke poteter!
Besten på garden fortalte om hesten, og etterpå vart det vafler som besta hadde steikt.
Tilslutt var det ein tur innom fjøsen, for og helse på små kalvane. Etterpå gjekk sykkelturen tilbake til skulen. Kjekke born og ha på besøk. Velkommen igjen:-)

Ingen kommentarer:

Nå er det bare ... igjen til jul